NVE har sikra 27 bustadar mot skred i Lom - NVE

NVE har sikra bustadane i Ulstad i Lom kommune i Innlandet mot steinsprang. Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund i NVE overleverte anlegget til kommunen 13. februar 2020.

Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund held tale før snorklipping og offisiell opning av anlegget. Foto: NVE

NVE har bistått Lom kommune med å bygge anlegget, som sikrar Ulstad mot steinsprang. Overleveringa vart markert med snorklipping og ei felles synfaring.

- Eg vil gratulere Lom kommune med dagen. No er 27 bustader her i Ulstad betre sikra mot steinsprang. Det betyr redusert fare og større tryggleik i kvardagen for folk her, seier vassdrags- og energidirektør, Kjetil Lund.

Kartlegging i 2008 viste stor skredfare
NVE har det nasjonale ansvaret for flaum- og skredfare og støtter kommunane med kartlegging, sikring og arealplanlegging.

- Det er ein sentral del av NVE sitt samfunnsoppdrag å bidra til sikring mot flaum og skred. Når klimaet no er i endring, må vi rekne med fleire skred- og flaumhendingar framover. Det er som regel god økonomi å sikre på førehand framfor å bruke store summar på å rette opp i etterkant. I åra som kjem bør vi i Noreg nok auke innsatsen på dette området, seier Lund.

I 2008 kartla NGI skredfaren i Lom, på oppdrag frå kommunen. Kartlegginga avdekka stor skredfare ved bustadfeltet Ulstad, med fleire openberre lausneområde i form av berghamrar, store enkeltblokker og steinurer like over bustadfeltet. 


Synfaringa gjekk langs flaumlaupet bak sikringsvollen. Foto: NVE

Krevjande sikringstiltak
I 2013 søkte Lom kommune NVE om økonomisk og fagleg bistand til å sikre bustadane, og detaljprosjekteringa starta hausten 2017. Det har vore utfordrande å gjennomføre tiltaket på grunn av trongt og bratt terreng, krevjande grunnforhold og nærleiken til bustadane.

Sikringsvollen sikrar mot steinsprang 
Skredsikringa består av ein om lag 450 meter lang voll bygd opp av jordarmerte masser, og eit steinspranggjerde på om lag 70 meter. Vollen fangar i tillegg opp andre typar lausmasseskred og tek hand om overvatn bak vollen.

Skredsikringa gjev eit akseptabelt tryggleiksnivå mot steinsprang for dei 27 bustadane, i tråd med kommunen sitt ynskje.


Sikringsvollen sikrar 27 bustadar i Lom mot steinsprang og skred.