Publisert 05.06.2018

Flåm har fått betre tryggleik mot flaum

NVE har bygd flaum- og erosjonssikring for å betre tryggleiken i Flåm sentrum. Tysdag 5. juni vart sikringsanlegget overlevert til Aurland kommune.

Direktør for skred- og vassdragsavdelinga i NVE, Anne Britt Leifseth og ordførar i Aurland kommune, Noralv Distad signerte overtakingsprotokollen i dag.

- Sikringa har kosta totalt 45 millionar kroner. Anlegget er laga for å betre tryggleiken for busetnad, skule, landbruk og viktig infrastruktur, fortel skred- og vassdragsdirektør i NVE, Anne Britt Leifseth.

Tre kilometer av elvekanten frå Lunden bustadfelt til Leinafoss kraftstasjon er sikra med flaum- og erosjonssikring. I tillegg er det fjerna 55.000 kubikkmeter avlagra lausmassar over ei strekning på to kilometer frå utløp i fjorden ved Flåm sentrum til Lunden bustadfelt.

- Under flaumen i 2014 var det store øydeleggingar, store områder som forsvann og særleg skulen vart hardt råka. Dette vart eit prioritert område i krisehandteringa. Det har vert eit omfattande prosjekt med handtering av store mengder masser for å etablere områda på nytt, fortel Leifseth.

Overleveringa vart markert med synfaring. Etterpå vart overtakingsprotokollen signert av direktør for skred- og vassdragsavdelinga i NVE, Anne Britt Leifseth og ordførar i Aurland kommune, Noralv Distad.

- Aurland kommune vil føre tilsyn og vedlikehald med sikringsanlegget, seier Leifseth.

Betre for både folk og fisk

Flåmselvi er eit verna vassdrag og nasjonalt laksevassdrag. Ein viktig del av arbeidet var å legge til rette for gode oppvekst- og levekår for fisk. Biologisk fagkompetanse har vore med under planlegging og utføring av sikringstiltaket.

- For å betra levetilhøva for fisk har vi lagt ut meir enn 2000 blokkstein i elva, bygd oppatt elveløpet, laga kulpar og lagt ut om lag 10 000 kubikkmeter gytegrus. Det er gledelig at laksen er observert tilbake i elva, fortel Leifseth.

- Dei tekniske løysingane tek vare på sikringsaspektet samstundes som ein tek omsyn til kommunale behov og prioriteringar, seier Leifseth.

Arbeidet med flaumsikringa er utført av NVE si anleggseining med innleigde underentreprenør og med eksterne entreprenørar. Totalt blei det utført oppdrag med lokale kontraktar for 35 millionar kroner.

Godt samarbeid mellom Aurland kommune og NVE har gitt gode sikringstekniske løysingar og betra tilhøve for livet i elva.

 

Fakta vestlandsflaumen oktober 2014

  • NVE fekk innmeldt over 100 meldingar frå kring 50 kommunar – behov for mogleg bistand til sikringstiltak. Det meste handterer kommunane sjølve, også ein del naturskade.
  • NVE kostnadsberekna behov for tilleggsbevilling til sikring på kr 216 mill.
  • Regjeringa innvilga kr. 216 mill. til flaumen på Vestlandet i 2014.
  • Totalt 58 tiltak i 19 kommunar i 3 fylker utført/bygd etter flaumen.
  • Ved eit eventuelt besøk i 5. juni 2018 vil ein kunne treffe/besøke folk som er ramma av flaumen og få deira historie knytt til hendinga og sikringsarbeidet i etterkant.

Kontaktpersonar

Brigt Samdal, regionsjef NVE region vest mobil: 907 48 238

NVE sin pressetelefon: 489 97 667