Publisert 25.09.2019

Betre oversikt over skredfaren i Vik kommune

Vik kommune har no fått betre og meir presise kart som gjev oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. Karta viser at totalt 10 bygningar ligg innanfor faresona for 100-årsskred, medan 75 bygningar ligg innanfor faresona for 1000-årsskred.

Foto: Skred AS

Karta blir overlevert til Vik kommune den 25. september 2019.

Kartlegginga tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flomskred. Dei kartlagte områda er Fresvik, Borlaug, Feios Aust, Seljadalen, Liktvor - Svardalen, Framfjorden, Dale, Indrefjorden og Tenne - Nese.

– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdere sikringstiltak og for lokal skredberedskap, seier regionsjef Brigt Samdal.

Karta er enkle i bruk. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ei faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.

 

Sjå rapporten her

 

Sjå faresonekartet her 

Kontaktpersonar

Brigt Samdal, regionsjef, telefon: 90748238
Idun Nessestrand Vefring, avdelingsingeniør, telefon: 41236958