Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 07.09.2022

Betre oversikt over skredfaren i Ørsta kommune

Ørsta kommune får no betre og meir presise kart som syner skredfaren for fleire område. Det er i hovudsak snøskred, sørpeskred, jordskred og flaumskred som utgjer størst fare for den mest utsette busetnaden.

Foto: Skred AS

– Kartlegginga gir oss ny og oppdatert kunnskap om skredutfordringane i Ørsta kommune. Med faresonekarta som NVE nå har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakhandsaming, for å vurdera eventuelle sikringstiltak og for bruk i lokal beredskap, seier regionsjef Aart Verhage.

Fare for fleire typar skred
Innanfor dei sju kartlagde områda ligg totalt 42 bustadbygg innanfor faresonene der årleg nominelt sannsyn for skred er større enn akseptkriteria i byggteknisk forskrift (TEK17). Det er skredtypane snøskred, sørpeskred, jordskred og flaumskred som utgjer dei største skredfarane.

Nye vurderingar
Kartlegginga tek omsyn til både erfaring og tidlegare skredfarevutgreiingar og det er gjort nye vurderingar av skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred. Områda som er kartlagt er Barstadvik, Masdal, Nordre Vartdal, Follestaddalen, Rystemarka, Åmdalen og Øye.

Karta er enkle i bruk. Det er teikna ei felles faresone for dei aktuelle skredtypane, og det skal vera lett å raskt få oversikt over kva område som er skredutsett.

Digitale kart
Grunnlaget for faresonekarta i Ørsta kommune er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse, klimaanalyse, tidlegare skredhendingar, synfaringar i felt og simulering av skred med dynamiske skredmodellar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan bruka dei i eigne verktøy saman med anna kartdata.

Karta er overlevert Ørsta kommune.

Kontaktpersonar
Aart Verhage, regionsjef, telefon: 22 95 96 80
Yngve Midtun, overingeniør, telefon: 22 95 95 32