Vaksdal kommune i Hordaland får no betre og meir presise kart som gjev oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. Faresonekarta syner 1 bygning som er innanfor 1/100 års faresone, 41 bygningar som ligg innanfor 1/1000 års faresoner.

Foto: NGI

Karta blir overlevert til Vaksdal kommune 25. juni. Områdane som er kartlagt er Stavenes-Sandvik, Boge, Vaksdal, Skreia, Stanghelle, Dalegarden, Dale, Fosse, Vik, Sanden-Stamnes, Oterstadneset-Hagen-Berget, Eidslandet, Flatekvål, Brakestad, Trefall, Norddalen, og Ekse.

Karta tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred. Steinsprang er skredtypen som er dominerande for de kartlagde områdane, mens snø og sørpeskredfare skjer i høgareliggjande områder. Flomskredfare utgjør også fare for busetnad. Jordskred utgjør i mindre grad fare for busetnad.

Karta er enkle i bruk. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ein faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.

Se rapporten 

Se digitale faresoner