Publisert 20.02.2018

Betre oversikt over skredfare i kommunane Gol og Hemsedal

Kommunane Gol og Hemsedal får no betre og meir presise kart som gjer oversyn over skredfare. Faresonekarta syner at eit leilegheitsbygg i Gol ligg innanfor 100-års faresonen for skred i de kartlagde områda, og fleire bustader i Gol og Hemsedal ligg innanfor 1000-års faresonen. NVE overleverte karta tysdag 20.februar 2018.

Foto: Skred AS

Karta tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred, og dekker områda Grøndalen, Tuv-Ulsåk, Gol, Golreppen og Liagardan.

– Kartlegginga gjev oss ny kunnskap om skredutfordringane i Gol og Hemsedal. Faresonekarta syner at det er lausmasseskred og steinsprang som er skredtypane som utgjer størst fare for busetnad, mens i Hemsedal er det snøskred og steinsprang, fortel Anne Cathrine Sverdrup, regionsjef i NVE.

Karta er enkle i bruk. Det er teikna ei felles faresone for dei aktuelle skredtypane, slik at kommunen berre treng å forhalde seg til ei faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversikt over kva område som er skredutsatt.

– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakhandsaming, for å vurdere sikringstiltak og for bruk i lokal skredberedskap, seier Sverdrup.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse, klimaanalyse, tidlegare skredhendingar, synfaringar i felt og modellering av skreddynamikk. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytte dei i eigne verktøy saman med andre kartdata.

Rapporten finn du her

Faresonekarta finn du her

 

 

Kontaktpersonar

Anne Cathrine Sverdrup, regionsjef, mobil: 90752061

Astrid Synnøve Flatøy, seniorrådgivar, mobil: 22959768

Odd Are Jensen, geolog, telefon: 22959521