Publisert 05.02.2015 , sist oppdatert 03.01.2024

NVEs tilsynsområder

NVE har eit vidtrekkande ansvar for tilsyn innanfor vassdrags- og energilovgjevinga og anna energirelatert regelverk.

NVE er eit statleg kontrollorgan innanfor vassdrags- og energiforvaltninga på 14 ulike områder. Det må eksistere kontrollerbare krav i regelverk eller i vedtak for at tilsyn kan gjennomførast. NVE er oppteken av at avdekte avvik skal følgast opp med føremålstenlege reaksjonar og bruker ulike formelle reaksjonar ved alvorlege brot på dei krav som gjeld. 

Tilsyn er ein viktig del av den totale reguleringa av vassdrags- og energisektoren, og utfyller dei andre verkemidla NVE har. NVE bruker både direkte regulering, gjennom spesifikke regelverkskrav, og insentivregulering gjennom mål og indirekte verkemiddel. Tilsyn har som føremål å kontrollere at krava som er sett blir etterlevd og at dei fungerer etter sitt føremål. 

Mykje av NVEs tilsyn er gebyrfinansiert. Dette gjeld tilsyn for beredskap, damsikkerheit, elsertifikat, fjernvarme, miljø, utanlandskablar, vedlikehald og modernisering. For enkelte av ordningane er det laga eigne berekningsreglar som viser kva slags faktorar som skal leggast til grunn for utrekning av tilsynsgebyra. Øvrige ordningar betaler gebyr etter eigarskap, konsesjon mm. 

NVE har eit aktivt samarbeid med andre tilsynsorgan i Noreg og internasjonalt.

Samarbeid med andre tilsynsetatar

NVE og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har etablert eit felles tilsynsforum for å oppnå ei meir koordinert tilsynsverksemd med nettselskap.

NVE deltek også i Nasjonalt miljøforum som består av representantar frå Økokrim, Riksadvokaten og ulike tilsynsorgan, og har fokus på bruk av reaksjonar ved brot på miljølovgjevinga.