Publisert 06.11.2019 , sist oppdatert 20.03.2024

Tilsyn

RME har eit vidtrekkande ansvar for tilsyn innanfor energilovgjevinga.

Bessaker vindkraftverk. Foto: NVE
Bessaker vindkraftverk. Foto: NVE

RME kontrollerar nettselskapa si etterleving av gjeldande regelverk og sørger for at dei opptrer nøytralt og ikkje utnyttar monopolsituasjonen sin. I tillegg førast det tilsyn for å sikre ein effektiv og sikker kraftmarknad.

RMEs tilsyn er den konkrete kontrollen med etterlevinga av regelverket og reaksjonar ved avvik frå regelverk. Kontrollen utførast i hovudsak som revisjoner, men også andre metodar blir nytta som for eksempel kartlegging retta mot fleire aktørar samtidig,  spørjeundersøkingar eller samanstilling av dokumentasjon.

RME er oppteken av at avdekte avvik skal følgast opp med føremålstenlege reaksjonar. Dei siste åra har vi meir aktivt teke i bruk formelle reaksjonar ved alvorlege brot på dei krav som gjeld. Reaksjonsbruk har stor effekt. Bruk av for eksempel lovbrotsgebyr i ei sak får mykje merksemd i media og hos andre aktørar innanfor same fagområdet. Reaksjonsbruk gir på den måten ofte ringverknader langt ut over den konkrete saka. Dette viser at det må være eit tett samspel mellom kontroll og reaksjonsbruk for å sikre at dei gjeldande krava blir følgde opp av aktørane innanfor vassdrags- og energisektoren.