Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 27.04.2022

Vassmagasinstatistikken veke 16 2022

Ved utgangen av veke 16 var fyllingsgrada i norske magasin 22,0 prosent.

Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 31,7 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 0,4 prosenteiningar. Nedgang i medianen for veka er 1,6 prosenteiningar.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 39,8 prosent, mens Aust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 10,0 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 16, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.