Noko større nedtapping av magasina. Ved utgangen av veke 51 var fyllinga i norske magasin på 65,0 prosent.

Magasinfyllinga gjekk ned med 1,9 prosenteiningar frå veka før.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 1999-2018 er 71,8 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 51,9 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 73,2 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 51, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.