Publisert 14.02.2024

Kraftsituasjonen veke 6, 2024

Lågare temperaturar og auke i kraftpris

Førre veke fall temperaturane i heile Norden til same nivå som ved starten av året. Dette bidrog til at forbruket i alle prisområde auka. I tillegg gjekk vindkraftproduksjon ned, noko som saman gav ein auke i kraftprisen samanlikna med førre veke. I sørlege og Midt-Noreg (NO1, NO2, NO5 og NO3) var vekeprisen på om lag 75 øre/kWh. Sjølv med kaldt vêr og lite vindkraftproduksjon var kraftprisane i sørlege Noreg lågare enn i byrjinga av året. Da var vekeprisen over 100 øre/kWh. Fleire faktorar har bidratt til prisnedgangen, men betre hydrologisk balanse og lågare brenselsprisar er truleg dei to viktigaste.

I Nord-Noreg (NO4) auka vekeprisen frå 22 til 60 øre/kWh. Likevel heldt Nord-Noreg fram å ha den lågaste kraftprisen i Nord-Europa. I Finland gav kulde, lite vind og avgrensa overføringskapasitet til Estland ein vekepris på 119 øre/kWh, noko som var Europas høgaste.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 6 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Mathias Nipen
Epost: jmtn@nve.no