Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 04.01.2023

Kraftsituasjonen veke 52, 2022

Lågare kraftprisar og rekordhøg nettoimport

Kraftprisane fall i store deler av Europa dei siste to vekene i 2022. Mykje vindkraftproduksjon, lågare gasspris og lågare forbruk som følgje av juleferie og mildvêr, var viktige årsaker til prisfallet. Forventingar om ein mild vinter, fortsett fulle gasslager i Europa og auke i LNG-kapasitet er nokon av faktorane som trakk gassprisen ned.  Vekeprisen i sørlege Noreg var 114 øre/kWh i veke 52, ein nedgang frå 187 øre/kWh i veke 51. 

Sjølv  med god tilgang på billig import, heldt dei norske kraftprisane seg høgare enn i nabolanda. Dette har bakgrunn i at fleire norske vasskraftprodusentar valde å spare på vatnet til seinare i vinter, da kraftprisane forventast å vere høgare.  Førebels tall visar at produksjonen i dei sørlege prisområda vart redusert med 570 GWh samanlikna med veke 51, og med heile 1477 GWh samanlikna  med veke 50. Den store nedgangen i produksjon gjorde at 41 prosent av forbruket i sør vart dekt av import i veke 52. Noreg har aldri importert meir kraft i løpet av ei veke enn i veke 52.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 52 2022 her.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg
Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.

Last ned rapporteringen fra produsentane for veke 51 2022 her.

Last ned rapporteringen fra produsentane for veke 52 2022 her.

Kontaktperson

Silje Jelsness
Epost: sitj@nve.no