Publisert 10.04.2024

Kraftsituasjonen veke 14, 2024

Nettoimport og timar med negative prisar i Noreg

Kraftprisane gjekk ned i dei norske prisområda førre veke. I sørlege Noreg (NO1, NO2, og NO5) var det store prisvariasjonar gjennom veka. På det høgaste var prisane på 134 øre/kWh, medan prisane i helga var heilt nede i -12 øre/kWh i NO1 og NO2. Dette var fyrste gong i år at det var negative prisar i Noreg. Ulik ressurssituasjon og mindre moglegheit for import frå NO1 og NO2, gjorde at NO5 ikkje fekk like låge prisar. Høg vind- og solkraftproduksjon i både Norden og på kontinentet ga låge kraftprisar og Noreg brukte mellomlandsforbindingane til import av billig kraft. Dette bidrog til lågare produksjon i sørlege Noreg enn veka før og Noreg var nettoimportør av kraft for fyrste gong sidan veke 5.

I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var det mindre prisvariasjonar gjennom veka enn i sør. Grunna vedlikehald i Nord-Sverige er det redusert overføringskapasitet mellom Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) og Nord-Sverige (SE1 og SE2). Dette har bidrege til at NO3 og NO4 ikkje har vore like eksponert for prisvariasjonen som resten av dei nordiske prisområda. Vekeprisen enda på høvesvis 57 og 51 øre/kWh i NO3 og NO4.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 14 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Kyrre Kirkbakk Fjær

Epost: kyfj@nve.no