Publisert 16.08.2023

Kraftsituasjonen veke 32, 2023

Mykje uregulerbar kraftproduksjon og låge prisar

I starten av veka kom uvêret Hans innover Søraust-Noreg etter å ha bevega seg over Sverige og Danmark. Uvêret gav vind og særs mykje nedbør, noko som gav stor flaum i delar av Aust-Noreg og høg uregulerbar kraftproduksjon i Norden. Dette bidrog til låge kraftprisar, med mykje negative prisar i start av veka. Alle prisområda i Norden fekk snittprisar under 10 øre/kWh for veka, bortsett frå Sørvest-Noreg som fekk ein snittpris på om lag 40 øre/kWh.

Fyllingsgraden for magasina i Noreg gjekk opp med 3,8 prosentpoeng til 77,6 prosent i løpet av veka.  I Aust-Noreg (NO1) var auken 12,5 prosentpoeng, som er rekordhøgt til å vere utanfor snøsmeltesesongen. Vasstanden i fleire magasin låg over høgaste regulerte vasstand, noko som førte til stort flaumtap. Magasinfyllinga på 102 prosent er historisk høgt i dette området. Tilsigsprognosen for Aust-Noreg i veke 33 er dobbelt så høg som normalen på denne tida av året.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 32 2023 (PDF)

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Christine Birkeland
Epost: cbi@nve.no