Publisert 22.05.2024

Kraftsituasjonen veke 20, 2024

Mykje tilsig og lågare kraftprisar

Snøsmelting grunna varmare vêr over heile Noreg gav mykje tilsig til vassmagasina førre veke. Det høge tilsiget bidrog til ein auke i magasinfyllinga på 8 prosenteiningar. Fyllingsgraden i Noreg er no nesten 40 prosent, som er over medianen på denne tida av året.

Mykje tilsig gav høg produksjon frå uregulerbar vasskraft i Noreg. Saman med lågare forbruk bidrog dette til at kraftprisane gjekk ned i alle dei norske prisområda og vart omtrent halvert samanlikna med veka før. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) varierte vekeprisen mellom 24 og 28 øre/kWh. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var vekeprisen 14 øre/kWh. Stort kraftoverskot og låge prisar i Nord-Sverige (SE1 og SE2) gav høg import til Midt- og Nord-Noreg. Ikkje sidan veke 5 har det vore høgare nettoimport av kraft til områda nord i Noreg.

Sjølv om det var ein kraftig auke i vindkraftproduksjonen i Danmark, gjekk den samla produksjonen i Norden ned. Til tross for dette auka nettoeksporten ut av Norden. Dette skuldast at nedgangen i forbruket var større enn nedgangen i produksjonen. Periodevise flaskehalsar til kontinentet bidrog til at prisane i Norden var lågare enn på kontinentet.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 20 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheita til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Kontaktperson

Kyrre Kirkbakk Fjær

Epost: kyfj@nve.no