Publisert 03.04.2024

Kraftsituasjonen veke 13, 2024

Stabile kraftprisar trass lågare forbruk

Prisane i Norden i veke 13 heldt seg på nivå med veka før. Unntaket var Midt-Noreg (NO3), der prisen auka og blei liggjande nærare prisane i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5). Veka starta med låg vindkraftproduksjon og høge kraftprisar, både i Norden og på kontinentet. Då vindkraftproduksjonen tok seg opp seinare i veka, gjekk prisane ned. Vekeprisen enda på rundt 65-70 øre/kWh i prisområda i sørlege Noreg og Midt-Noreg og 55 øre/kWh i Nord-Noreg (NO4). Forbruket i Norden gjekk ytterlegare ned som følgje av påskeferie og mildt vêr i sør. Kraftproduksjonen gjekk ned omtrent like mykje som forbruket. Dermed enda nettoeksporten frå Norden på same nivå som veka før.

I Nord-Noreg enda gjennomsnittleg månadspris for mars på 55 øre/kWh. Dette er den høgaste mars-prisen som nokon gong er registrert for området. Prisen var likevel lågare enn for dei andre nordiske prisområda og nabolanda på kontinentet. Lågare magasinfylling enn normalt over noko tid har bidrege til at kraftprisane i Nord-Noreg har vore likare prisane i naboområda i Nord-Sverige og Midt-Noreg, som har vore litt høgare.

MERKNAD: Me tek atterhald om at det kan vera feil eller manglar i datagrunnlaget til rapporten denne veka på grunn av overgangen til sommartid sundag 31. mars.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 13 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Ole Kristian Ådnanes
Epost: okad@nve.no