Publisert 27.03.2024

Kraftsituasjonen veke 12, 2024

Større prisvariasjon i sørlege Noreg

Det var små endringar i vekesprisane i Noreg frå veka før, men det var større prisvariasjon gjennom veka. I helga var prisen i Sørvest- og Søraust-Noreg (NO2 og NO1) nede i 12 øre/kWh. Då var det mykje vind- og solkraftproduksjon på kontinentet. Danmark, Tyskland, Nederland og Storbritannia fekk mange timar med null eller negative kraftprisar. Dette bidrog til låg produksjon i sørlege Noreg og full import på mellomlandsforbindingane.  Eit slikt driftsbilde gir utfordringar i kraftnettet i sørlege Noreg. Som eit tiltak i forkant av denne situasjonen, reduserte Statnett importkapasiteten frå både Sverige (SE3) og Storbritannia på laurdag og søndag.

På det høgaste hadde Sørvest- og Søraust-Noreg ein kraftpris 180 øre/kWh. Dette var på onsdag ettermiddag då det var høgt forbruk og lite vind- og solkraftproduksjon på kontinentet. Flaskehalsar i nettet mellom prisområda bidrog til at Vest-Noreg (NO5) hadde ein meir stabil pris enn Sørvest- og Søraust-Noreg gjennom veka.  Kraftprisen i Vest-Noreg vart ikkje med opp på dei høgaste prisane i vekedagane, eller ned på dei lågaste prisane i helga.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 12 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Silje Jelsness
Epost: sitj@nve.no