Publisert 20.03.2024 , sist oppdatert 26.03.2024

Kraftsituasjonen veke 11, 2024

Lågare prisar i Norden enn på kontinentet

Det har vore små endringar i temperaturane den siste veka og forbruket i Noreg har vore tilnærma uendra dei siste tre vekene. I resten av Norden var forbruket lågare enn veka før. Samen med ein auke i vindkraftproduksjonen, spesielt i Finland og Sverige, bidrog dette til meir overskot av kraft og lågare kraftprisar i Norden. Høgare kraftprisar på kontinentet enn Norden bidrog til høgare nettoeksport enn veka før.

Prisane gjekk mest ned i dei nordlege prisområda i Norden (NO3, NO4, SE1, SE2 og Finland). I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var vekesprisen på høvesvis 58 og 54 øre/kWh. I det sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var vekeprisen på omlag 66 øre/kWh. I starten av veka, då det var lite vind i Norden, og spesielt i dei nordlege prisområda, var kraftprisen lik i alle dei norske prisområda. I enkelte timar var prisen over 100 øre/kWh. Frå onsdagen auka vindkraftproduksjonen betrakteleg nord i Norden og Finland, og kraftprisen i nord i Noreg var hovudsakeleg lågare enn i sør resten av veka.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 11 2024.

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Kyrre Kirkbakk Fjær
Epost: kyfj@nve.no