Publisert 31.10.2017

Tilrår løyve til nye overføringar til Evanger kraftverk

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje BKK Produksjon AS løyve til overføring av Tverrelvi og Muggåselvi til Evanger kraftverk, samt bygging av kraftverka Tverrelvi og Muggåselvi i Voss kommune.

NVE tilrår også løyve til overføring av to bekkar øvst i Eksingedalsvassdraget til Evanger kraftverk. NVE tilrår at det ikkje vert gjeve løyve til bygging av Beinhelleren pumpe eller nye overføringar frå Teigdalsvassdraget.

NVE har handsama 3 søknader om moglege O/U-prosjekt til Evanger kraftverk samla. Ei overføring av Tverrelvi og Muggåselvi, som begge er sideelvar til Vosso, samt ein bekk i Urdadalen og innløpsbekk til heimsta Kvanndalsvatn i Eksingedalen, vil kunne gje ein auka produksjon i Evanger kraftverk på om lag 91,1 GWh. NVE tilrår også løyve til bygging av 2 småkraftverk, Tverrelvi og Muggåselvi, i restfeltet nedstrøms overføringane. Desse vil kunne gje ein samla produksjon på 33 GWh.

Frå tidlegare er det overført mykje vatn frå Eksingedalsvassdraget. Det er dokumentert utfordringar på anadrom strekning og problem med tilgroing med vannvegetasjon. NVE har vurdert miljøtilhøva slik at me ikkje kan tilrå ytterlegare fråføring av vatn tilsvarande ei utbygging av Beinhelleren pumpe. På same måten er miljøtilhøva i Teigdalsvassdraget vurdert slik at me ikkje kan tilrå ytterlegare fråføring av vatn der, mellom anna av omsyn til sannsynlege negative effektar på anadrom fisk i eit nasjonalt laksevassdrag.

Les meir om overføringa av Tverrelvi og Muggåselvi samt småkraftverk i Voss kommune

Les meir om overføringane i Teigdalen

Les meir om Beinhelleren pumpe og overføringar frå Eksingedalen

 

 

Kontaktpersonar

Avdelingsdirektør Rune Flatby
Mobil: 416 78 203

Seksjonssjef Carsten Stig Jensen
Mobil: 908 50 206