Publisert 05.07.2023 , sist oppdatert 06.07.2023

NVE tilrår nye og meir miljøvennlege konsesjonsvilkår for kraftverka i Svelgenvassdraget

Svelgen Kraft AS har søkt om løyve til vidare drift av kraftverka Svelgen I og II i Bremanger kommune. NVE tilrår at dei får fornya konsesjon med meir miljøvennlege konsesjonsvilkår, både for kraftverka og for regulering av magasina og overføringane som kraftverka nyttar.

To av reguleringsmagasina i området. Nibbevatn i framkant og Vingevatn bak (foto:NVE).

Fleire konsesjonar blir til ein

Det finnast til saman fem reguleringskonsesjonar frå åra 1957 – 1967, som er gjeve for utnytting av Svelgenvassdraget i Vestland fylke. Konsesjonane har avgrensa varigheit, og Olje- og energidepartementet har gjeve mellombels løyve til vidareføring fram til nye vilkår er på plass. NVE rår no departementet om å gje varig konsesjon for vidare drift av kraftverka Svelgen I og II, med tilhøyrande reguleringar og overføringar.

Bidreg med kraft om vinteren

NVE legg vekt på at kraftverka saman med Straumane småkraftverk, bidreg med 265 GWh, der ein stor del er vinterproduksjon. Kraftverka nytter etablerte reguleringar og overføringar og vil gje inntekter til kommunen og staten frå skattar, avgifter og konsesjonskraft.

NVE foreslår ingen fysiske endringar i reguleringsområdet og pålegg ikkje minstevassføring på nokon av elvestrekningane. NVE meiner den type tiltak vil være kostnadskrevjande og gje avgrensa miljøforbetringar. Samstundes vil innføring av moderne standardvilkår gje myndigheitene moglegheit å pålegge avbøtande tiltak ved behov. Det blir satt vilkår om betaling av sektoravgift for kulturminnevern i vassdrag for dei konsesjonane som er gjeve før 1960.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare oppfølginga av saka, og endeleg vedtak blir tatt av Kongen i statsråd (kongeleg resolusjon).

Kontakt

Carsten Stig Jensen, seksjonssjef
Tlf: 908 50 206

Marthe Cecilie Pramli, sakshandsamar
Tlf: 940 05 116