NVE gjev løyve til å regulere Trollsvatnet - NVE

NVE gjev Småkraft AS løyve til å regulere Trollsvatnet i Snåsa kommune i Trøndelag. Reguleringa vil auke produksjonen i Bruvollelva kraftverk med om lag 0,7 GWh årleg. Det svarar til straumbruken til om lag 35 husstandar.

Trollsvatnet i Snåsa kommune. Foto: Tord Solvang/NVE

Bruvollelva kraftverk blei satt i drift i 2010, og då utan reguleringsmagasin. NVE har no gjeve Småkraft AS løyve til regulering av Trollsvatnet med 1 meter, noko som ligg nær naturleg svinging i vasspegelen. Det skal byggast ein betongkonstruksjon i utløpet av Trollsvatnet for å kunne heve eller senke vasstanden inntil 0,5 meter samanlikna med dagens normalvasstand.

Auka fornybar kraftproduksjon

I vedtaket har NVE lagt vekt på at kraftverket vil få auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa ulemper knytt til landskap, naturmangfald og reindrift. I sum er nytta av tiltaket vurdert som større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser.

Skal ta omsyn til livsmiljøet i elva og reindrift

Det er fastsett vilkår for reguleringa for å ta omsyn til fisk og reindrift. Utbygginga må leggast til rette for at fisk skal passere, og anleggsperioden skal avtalast med reinbeitedistriktet som har dyr på vinterbeite i prosjektområdet.

NVE har satt krav om at det til ei kvar tid må sleppast minstevassføring frå Trollsvatnet. Noko som i stor grad vil ta vare på livsmiljøet i og langs elva, og dempe ulemper for landskap og friluftsliv.

Les meir om konsesjonen her.