Kraftverket vil produsere om lag 8,8 GWh i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til ca. 440 husstandar.

Det er Asun (SUS) som har søkt om løyve. I vedtaket legg NVE vekt på at ei utbygging av Fossdalen kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser.

Kraftverket er planlagt i Fossdalselva, med inntak 287 meter over havet og kraftstasjon 2 meter over havet. Vassvegen er på om lag 1000 meter.

Konfliktane er primært knytt til moglege konsekvensar for landskap og den raudlista arten flommose. NVE meiner at ulempene kan avgrensast ved å sette vilkår om mellom anna god landskapstilpassing, til dømes vassveg i tunnel, og det er fastsett ei minstevassføring på 50 liter i sekundet om sommaren og 20 liter i sekundet resten av året.

 

Les meir om løyve til Fossdalen kraftverk her.