NVE gjev ikkje Økta Kraft AS løyve til å bygge Økta kraftverk i Nore og Uvdal kommune i Buskerud.

Økta kraftverk skulle utnytte eit fall i elva Økta mellom kote 425 og 270, og var planlagt med ein forventa årleg produksjon på 4,7 GWh. Dette svarer til straumbruken til omlag 250 husstandar. NVE har avslått søknaden grunna negative konsekvensar for biologisk mangfald.

Kraftverket ville ført til negative konsekvensar for ein skogsbekkekløft med regional til nasjonal verdi, og for fleire raudlistartar som er høgt trua på den Norske raudlista for arter. NVE meiner at tiltaket difor vil være i strid med Olje- og energidepartementets retningsliner for små vasskraftverk.
NVE meiner dei negative verknadene er klart større enn nytten av tiltaket for allmenne og private interesser, og at produksjonen ikkje står i forhold til verknadene. NVE gjev difor ikkje løyve til bygging av Økta kraftverk.

Les meir om Økta kraftverk.

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216
Sakshandsamar Auen Korbøl, tlf. 22 95 93 44