Publisert 21.12.2020

Får ikkje løyve til regulering av fem vatn i Lund kommune

NVE gjev avslag på søknadene frå Neset Kraft AS om regulering av fleire vatn i Lund kommune. Etter NVE sitt syn står ikkje dei negative konsekvensane av å regulere fem vatn i rimeleg forhold til ein estimert auke i kraftproduksjonen på berre 1,8 GWh per år. Grunna omsyn til allmenne interesser meiner NVE at det ikkje kan forsvarast å gje løyve til desse reguleringane. 

Ljosvatnet i Lund kommune

Neset Kraft AS har søkt om å få regulere Sætravatnet, Øvre- og Nedre Rundtjørn og Åmstadvatn. Dei har òg søkt om ei auka regulering av Ljosvatnet, der det frå før er gjeve løyve til å regulere vatnet med 10 cm. Reguleringane skal nyttast i kraftverka Vestre-, Østre- og Nedre Neset kraftverk.  

Ulemper for natur og brukarinteresser 

Den samla vurderinga fra NVE er at dei negative konsekvensane ved å regulere dei fem vatna, ikkje står i rimeleg forhold til en estimert auke i kraftproduksjonen på berre 1,8 GWh/år. 

Ei regulering av Sætravatnet vil aleine gje ein estimert produksjonsauke  0,48 GWh/år. Vatnet ligg i eit regionalt viktig friluftsområde, og det er fleire hytter i området rundt vatnet. NVE meiner at reguleringa vil gje ulemper knytt til landskap, friluftsliv og brukarinteresser. Ei produksjonsauke på berre 0,48 GWh kan ikkje bera dei negative konsekvensane av reguleringa 

Det er estimert at reguleringa av Øvre- og Nedre RundtjørnÅmstadvatn og Ljosvatnet vil gje produksjonsauke på om lag 1,35 GWh. Ei auka regulering til 2 m Ljosvatnet vil føre til at ein del av eit større myrområde blir neddemt slik at ein kan få utvasking og erosjon. Reguleringar på 3 og 4 meter i vatna Øvre og Nedre Rundtjørn og Åmstadvatnet vil føre til godt synlege reguleringssonar som kan gje negative landskapskonsekvensarReguleringane vil òg gje nye inngrep som damanlegg og vegar inn i eit område som er definert som ein del av eit større naturområde med urørt preg.  

Med bakgrunn i desse ulempene  får Neset Kraft AS derfor ikkje løyve til å regulere desse vatna. 

Les vedtaka i saka om Sætravatnet og Ljosvatn, Åmstadvatn og Øvre- og Nedre Rundtjørn.

Kontaktperson

Brit T. Haugen,
fungerande seksjonssjef
 
Tlf41211773 
Mail: bth@nve.no