Avslår søknad om utsett frist for idriftsetting for Rákkocearro vindkraftverk trinn III - NVE

NVE har i dag avslått søknaden frå Varanger Krafthydrogen AS om utsett frist for idriftsetting på Rákkocearro vindkraftverk trinn III.

Rákkocearro vindkraftverk trinn III er lokalisert i Berlevåg kommune i Troms og Finnmark.

Varanger Krafthydrogen AS søkte om utsett frist for idriftsetting for trinn III av vindkraftverket frå 31.12.2021 til 31.12.2026. Dei grunngjev søknaden med eit ynskje om forutsigbarheit for framtidig utvikling av lokal hydrogenproduksjon og avgrensa kapasitet i dagens nett.

NVE varsla om ny praksis

27.11.2019 sendte NVE brev til alle konsesjonærar og informerte om ny praksis ved handsaming av søknadar om utsett frist for idriftsetting av landbasert vindkraft. I brevet varsla NVE at fristar for idriftsetting normalt ikkje vil forlengast utover 31.12.2021. Les NVE sitt brev til konsesjonærane her. 

Vil du vita meir?

Les vedtaket om Rákkocearro vindkraftverk her.