Kommunane i Sogn og Fjordane vil i framtida få større utfordringar med flaum, skred, havnivåstiging og overvatn. Det syner den nye klimaprofilen for fylket som blir overlevert Sogn og Fjordane i fylkesutvalet i dag.

- I Sogn og Fjordane vil klimaendringane særlig føre til behov for tilpassing knytt til større flaumar, fleire skred, havnivåstigning og stormflo, ekstremnedbør og auka problem med overvatn, seier Hege Hisdal, hydrolog og klimarådgivar i NVE/Norsk Klimaservicesenter.

Fortset klimagassutsleppa å auke som no, vil vi ved slutten av hundreåret få:

  • fleire og større regnflaumar. I alle vassdrag som reagerer raskt på nedbør, men òg i større vassdrag vert eit klimapåslag på minst 20 % på utrekna flaumvassføringar tilrådd
  • auka fare for jord-, flaum- og sørpeskred og mogeleg auka fare for kvikkleireskred
  • auka aktsemd er viktig
  • auka stormflonivå grunna havnivåstigning
  • kraftig nedbør: oftare og meir intenst. Dette vil gje større utfordringar med handtering av overvatn

 

Kunnskap er nøkkelen

Klimaendringane kan bidra til større øydelegging på infrastruktur og eigedom. For å redusere framtidige skader må kommunane gjennomføre klimatilpassingstiltak.

- Klimakunnskapen må inn i arealplanlegginga. Kommunane må styre arealbruken bort frå fareområde. Dette er det beste og mest effektive verkemiddelet for å førebyggje skader frå flaum, stormflo og skred på ny busetnad, seier NVEs regionsjef Brigt Samdal.

Hendingar med kraftig nedbør er venta å auke vesentleg både i intensitet og hyppigheit. Det tyder at utfordringane med overvatn blir større enn i dag.

- I Sogn og Fjordane, der store deler av befolkninga er konsentrert langs små og store elvar og i skredutsette område, er det derfor særleg viktig å planleggje godt. Bygningar og viktig infrastruktur må plasserast i tilstrekkeleg avstand til flaumfarlege bekkar og elvar. Bekkar og vassvegar bør haldast opne – og ikkje leggast i røyr – både med omsyn til flaumavleiing og vassdragsmiljø, seier Samdal

Klimaprofil Sogn og Fjordane

Klimaprofilen gjer kunnskap om klimaendringar lettare tilgjengeleg for planleggjarar på kommunalt og regionalt nivå. Klimaprofilen finn du på www.klimaservicesenter.no