Publisert 17.03.2023

Den andre internasjonale konferansen om berekraftig vasskraft

Kva berekraftutfordringar står vasskraftsektoren ovanfor i dag, og korleis kan vasskraftproduksjon og -forvaltning gjerast meir miljøvenleg? Dette er hovudtema for den andre internasjonale konferansen om «Berekraftig vasskraft» som haldast i Trondheim 13. – 15. juni i år. På konferansen vil du høyre meir om gode praksisar innan miljøtilpassa vasskraft, aktuelle berekraftutfordringar og moglege forbetringspunkt.

Opphavsrett foto: S. M. Tunli.

Konferansen "Sustainability in Hydropower 2023 - ecological mitigation, best practises and governance" arrangerast i samarbeid mellom FME HydroCen (NTNU), NTNU Vannkraft, Havs och Vattenmyndigheten (HaV – Sverige) og Miljødirektoratet. NVE har sete i programkomiteen for årets konferanse.

Arrangørane ynskjer velkomen til fysisk deltaking då konferansen har eit tilhøyrande sosialt program, inkludert konsert og bankett. 

Praktiske detaljar: 

  • Stad: NTNU – elektrobygget Gløshaugen Trondheim
  • Tid: 13. juni – 15. juni 
  • Frist for å sende inn fagleg bidrag er 1. april

Les meir om programmet her.