Publisert 20.06.2023 , sist oppdatert 04.03.2024

Aktsemdkart for snøskred 2023

Nye aktsemdkart for snøskred blei publisert i 2023. Karta er utvikla av Norges geotekniske institutt (NGI) på oppdrag frå NVE. Karta er tilgjengeleg som temakart, wms og i ei mellombels nedlastingsløysing. Dei blir og tilgjengleg på Norge Digitalt. 

Dei nye aktsemdkarta erstattar snøskredaktsemdkartet frå 2010 og NGI sitt kombinerte snø- og steinskredkart. 

Kvifor?

Aktsemdkart for snøskred er eit nyttig produkt for at kommunane kan styre utbygging til trygge områder, og fordi kommunen då ikkje treng å krevje skredfareutgreiing/-kartlegging i tilfelle der reguleringsplanar og byggesaker ligg utanfor aktsemdområda.

Aktsemdkarta frå 2010 baserte seg på kva terreng som er vanlege løsneområde for snøskred og ein statistisk utløpsmodell basert på eit stort utval norske snøskred for å estimere kor langt skreda kan gå. Karta tok i liten grad omsyn til lokale forhold som:

  • Lokalt klima: Det er i enkelte lågtliggande og kystnære delar av Sør-Norge der det for sjeldan ligg nok snø til at det er fare for snøskred. 
  • Skog: I enkelte områder i landet står det tett barskog i aktuelle løsneområde for snøskred som vil hindre utløysing av skred.
  • Skredbana: Utløpslengda i aktsemdkarta frå 2010 representerer ikkje alle skredbaner like godt. I ein del tilfelle gir dette urealistisk lange utløp, mens det i andre tilfelle gir for korte.

NAKSIN-prosjektet (Nye aktsemdkart for snøskred i Norge) blei difor starta med mål om å produsere eit nytt aktsemdkart for snøskred som tok inn nokon eller alle desse lokale effektane.

Kva skal ein bruke NAKSIN til?

NAKSIN er utvikla for å erstatte dagens aktsemdkart for snøskred for tiltak opp til tryggleiksklasse S2 i TEK17 kap. 7. Det vil seie bygg som skal stå trygt for eit skred med eit årleg sannsyn på 1/1000.

Grunnen til at ein vel dette nivået er fordi det er so langt ein ser at det er forsvarleg å strekke spesielt klimadatagrunnlaget. Det er også her samfunnsnytta av eit nytt aktsemdkart er størst sidan S1- og S2-tiltak utgjer den største delen av reguleringsplanar og byggesaker.

For S3-tiltak og høgare må dei gamle aktsemdkart framleis brukast, men i dei tilfella der NAKSIN gir lenger utløp enn desse bør NAKSIN leggast til grunn. NVE har laga eit nytt kart som kombinerar karta frå 2010 og 2023 til bruk for S3-tiltak. Dette er anbefalt å bruke som omsynssonekart i kommuneplan for snøskred. 

I områder der skredvind/fonnvind er ei aktuell problemstilling må dette vurderast uavhengig av aktsemdkart sidan dette ikkje blir tilstrekkeleg fanga opp av nokon av aktsemdkarta. Historiske skredhendingar skal også nyttast i plan og byggesakshandsaming saman med aktsemdkart. Ein del historiske skred har gått lenger enn avgrensinga i aktsemdkarta og det er viktig at desse skreda blir teke omsyn til.

Aktsemdkart for jordskred, flaumskred og steinsprang blir ikkje erstatta av NAKSIN. Det fins ikkje aktsemdkart for sørpeskred.

Ytterlegare beskrivelse av bruken av aktsemkart finner du på NVE sine arealplansider

Skog

NAKSIN med og og utan skogeffekt - Bergen
NAKSIN for Bergen, med skogeffekt til venstre og utan skogeffekt til høgre

I NAKSIN blir skog brukt til å plukke vekk aktuelle løsneområde for snøskred der skogen er rekna til å vere tilstrekkeleg tett til å hindre utløysing av skred. Det betyr vidare at om ein vel å opne for utbygging basert på NAKSIN-karta so må ein forby flatehogst av større areal i desse aktuelle løsneområda.

Det fins NAKSIN med og utan skogeffekt slik at kommunen kan velje å basere si utbygging på å ikkje bandlegge skog, men heller ha noko færre aktuelle utbyggingsområde.

Skogdata brukt i NAKSIN er basert på SR-16 datasettet frå NIBIO. Dersom kommunen vil bruke NAKSIN med skogeffekt må kommunen sjekke om den aktuelle skogen framleis står.

Til å styre aktiviteten i denne skogen kan kommunen blant anna bruke vernskogparagrafen etter skogbrukslova.

Planen vidare

Kartet blir først tilgjengeleggjort som eit temakart hos NVE. Seinare vil det bli tilgjengeleggjort for nedlasting, WMS og liknande. Kartet skal også inngå i det offentlege kartgrunnlaget. 

Rapporter

NVE Ekstern rapport 24/2023: Nye aktsomhetskart for snøskred i Norge

20150457 10 TN Approaches to Including Climate and Forest Effects in Avalanche Hazard Indication Maps in Norway - Teknisk notat med status for NAKSIN august 2020

20150457-04-TN Forest cover within Nye aktsomhetskart snøskred i Norge (NAKSIN) - Om bruk av skog i NAKSIN (ikkje oppdatert)

Tidlegare aktsemdkart:
Aktsemdkart for snøskred frå 2010 - utvikla av NGU
Aktsemdkart for snø- og steinskred - produsert av NGI frå 1981 til 2009.