Publisert 14.09.2015 , sist oppdatert 12.06.2023

Om kartlegging av flaumfare

Informasjon om flaumfare kan ein finne gjennom aktsomhetskart for flaum, og flaumsonekart. Desse ulike karta har ulikt detaljnivå og ulike bruksområder.

NVEs aktsomhetskart for flaum viser kva areal som kan vere utsett for flaumfare. Kartet vil aldri kunne bli heilt nøyaktig, men er godt nok til å gje ein indikasjon på kvar flaumfaren bør vurderast nærare, dersom det er aktuelt med ny utbygging. Les meir om aktsemdskart for flaum her. 

Flaumsonekart er faresonekart for flaum. Desse viser kva område som blir oversvømt i ein flaumsituasjon, og med kva gjentaksintervall. Utvalde vassdragstrekningar med stort skadepotensiale blir kartlagd. Oversikt over kartlagde vassdragsstrekningar finn ein i NVE sine karttenester (NVE Flaumsonekart) og i faresonekartoversikten for dei enkelte kommunane.

Grunnlaget for flaumsonekarta er ei statistisk analyse av historiske flaumar, elva si topografi og hydraulisk modellering som bereknar vasstandar ved ulike flaumstorleikar. Ut frå dei berekna vasstandane, finn ein vassdekt areal ut frå ein kartanalyse. Det er primært overfløymd areal som følgje av naturleg høg vassføring som kartleggast. Vasstanden i flaumsona er enten presentert i tverrprofila eller som vasstandskota. Mellom tverrprofila eller kota bli vasstanden rekna for å variere lineært og kan finnast ved interpolasjon.

Endring i kartlegging og bruk av flaumsoner etter lansering av Kartverket si kartteneste Se havnivå i kart. Oppdatert data for stormflod (ekstrem vasstand frå havet) finnast i Kartverket si portal Se havnivå og kart som vise overfløyming finnast i karttenesta Se havnivå i kart. Korleis ta omsyn til dette ved bruk av flaumsonekart som har utløp i sjø?

  • I eldre flaumsonekart er overfløyming som følgje av stormflod inkludert i flaumsonen. Ved bruk av flaumsonane i elvas utløpsområde, må ein difor bruke Kartverket si oppdatert data for stormflod.
  • I nye flaumsonekart som er laga etter 2018, er overfløyming som følgje av stormflod ikkje inkludert i flaumsonen. Ved bruk av disse flaumsonane må ein nytte den vasstanden som er høgast av flaum i elva eller stormflod, og nytte den sona som giv størst overfløyming av flaum i elva og stormflod.

Klimatilpassing av flaumsoner I flaumsonekart som er utarbeidd etter 2012, finnast òg ein flaumsone for 200-årsflaumen i år 2100. Dette gjeld kun i vassdrag der klimaframskrivingar gir ein forventa auke i vassføringa på meir enn 20 % dei neste 20-100 år. Oversikt over flaumsonekart som ein anbefale å auke vassføringa pga. klimaendringar er vist i Vedlegg B.

Det er laget en oversikt over utførte utredninger av flomfare i Norge, som viser hvor utredningene er gjort og med litt informasjon om utredningene. For en del av utredningene er det også mulig å få opp medfølgende PDF-rapport ved å trykke på lenke. Oversikten inneholder også flomberegninger og andre hydrologiske og hydrauliske rapporter.

Oversikten er langt fra komplett – vi jobber kontinuerlig med å legge inn flere flomfareutredninger som vi får tilsendt fra konsulenter, kommuner og andre, slik at databasen på sikt vil bli mer dekkende.