NVE gjev ut rapportar med overslag for kostnadar ved ulike former for energiproduksjon. Desse er basert på faktiske kostnadar henta inn frå marknaden, og kan nyttast ved grove overslag i tidlege prosjektfasar eller ved analysar. Denne informasjonen er samla i to rapportar, som jamleg vert oppdaterte.

Kostnadar i energisektoren

Rapporten skildrar og gjev referansetal for kostnadar ved produksjon av kraft og varme frå ulike teknologiar. Rapporten gjev òg utslepp frå kraft- og varmeproduksjon og prisar for energiberarar.

Nytt i forhold til tidlegare rapportar er ei samanstilling av energikostnadar over levetida på tvers av teknologiar, samt ei analyse av mogelege kostnadstrendar fram mot 2035. Det er òg skildra energikostnadar ved eit utval av energieffektiviseringstiltak på bygg, samt investeringskostnadar for kraftliner, kabelanlegg og alternative distribusjonssystem som fjernvarme og naturgass.

Dataene i denne rapporten er i 2017 revidert per 2016 og er tilgjengeleg i rekneark.(zip-fil)

Dei viktigaste endringane er:

  • Diskonteringsrenta er satt til 6 % mot 4 % sist

  • Brenselsprisar og avgiftssatsar er oppdatert.

  • Kostnadstalla er oppdatert, men i mange tilfeller avgrensa til inflasjonsjustering. Dei viktigaste områda kor det er gjort nye vurderingar er solenergi, varmepumper og biobrensel.

Dataene representerer NVEs kunnskap og data som er henta frå litteratur og i dialog med ulike bransjerepresentanter. Dette er også dei data NVE sjølv legg til grunn i eige analysar. NVE vil følgje utviklinga vidare, og seinare revidere dataene på nytt. Vi inviterer til synspunkter på dei data og forutsetninger som er lagt til grunn.

Eit nytt rnotat beskriv dei vurderingar som er gjort for den enkelte teknologi, med hovudvekt på endringar frå rapporten frå 2015. Notatet viser også nokre oppsummerande figurar. For samanhengande utgreiingar, viser vi til rapporten frå 2015.

Rapportar for nedlasting:

Rekneark med data: Mappe med data (zip-fil)

Notat med oppsummering og endringer i tall presentert i 2017. (Oppdatert 19.03.2018)

NVE-rapport 2015-2 "Kostnader i energisektoren"

Sammendrag av "Kostnader i energisektoren"

 

Kostnadsgrunnlag for vasskraftverk

Desse rapportane gjev investeringskostnadar for alle element i eit vasskraftverk, som turbinar, generatorar, røyr og tunnelar, dammar osb. Ein rapport tek føre seg kostnadane for små kraftverk, altså mindre enn 10 MW; medan ein tek føre seg dei større.

Det vert årleg henta inn informasjon om prisutviklinga i marknaden, slik at det er muleg å justere kostnadsnivået mellom kvar hovudoppdatering.

Rapportane vart sist oppdaterte med kostnadsnivå 1.1.2015.

Rapportar for nedlasting:

Kostnadsgrunnlag for små vannkraftanlegg (pdf)

Kostnadsgrunnlag for vannkraftanlegg (pdf)

Engelske versjonar vart sist oppdatert med kostnadsnivå 1.1.2010. Oppdaterte versjonar kan ventast i 2016.

Cost base for small-scale hydropower plants (pdf)

Cost base for hydropower plants (pdf)

Årleg vert det utarbeidd indeksar for kostnadsutviklinga for vasskraftprosjekt. Det vert laga indeksar for desse fagområda: maskin, elektro, bygg generelt, tunnelar og dammar (fyllingsdammar). Indeksane kan lastast ned til høgre, under "Kostnadsutvikling for vasskraftverk".