Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 28.12.2021 , sist oppdatert 29.12.2021

Vassmagasinstatistikk veke 51 2021

Nedgang i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 51 var fyllingsgrada i norske magasin 57,9 prosent

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 2,7 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 70,7 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 72,8 prosent, mens Sørvest-Noreg (område 2) hadde lågast fylling med 50,6 prosent. 

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 51, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.