Framleis nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 51 var fyllingsgraden i norske magasin 65,7 prosent.

Fyllingsgraden gjekk ned med 3,5 prosenteiningar mot 3,1 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 er 72,5 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 55,4 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 69,5 prosent.