Publisert 02.03.2022

Kraftsituasjonen veke 8, 2022

Auka brenselsprisar og uro i den europeiske energimarknaden

Ein viktig årsak til auken i brenselsprisane er uvisse knytt til korleis Russlands invasjon i Ukraina vil påverka europeisk gassforsyning i tida framover. Høgare framtidspriser på  kull og gass verka også inn på tyske og nordiske terminprisar, som auka betrakteleg i veka som gjekk.

 Kraftprisane i store delar av Norden og kontinentet auka i førre veke . Vekeprisen i sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) låg på 1,23 kr/kWh, medan Nord- og Midt-Noreg (NO3 og NO4) fekk den lågaste vekeprisen i Norden på 0,2 kr/kWh. Prisauken var på 15 prosent i det  sørlege Noreg , og rundt 40 prosent i Nord- og Midt-Noreg.

 Låg vindkraftproduksjon i Norden bidrog til at dei fleste nordiske prisområda fekk like prisar som Tyskland tysdag morgon. Flaskehalsar i nettet gjorde at prisen i sørlege Noreg i desse timane vart noko lågare. Trass enkeltperiodar med lite vind auka vindkraftproduksjon totalt førre veke for både Sverige og Noreg samanlikna med veka før. Dette bidrog til å dempe påverkinga av høge kraftprisar på kontinentet i store delar av veka.

 Førebelse tal  viser at nettoeksporten frå sørlege Noreg enda på 96 GWh. Sørlege Noreg fekk med det nettoeksport for fyrste gong på fire veker. Totalt auka norsk nettoeksport med 346 GWh frå veka før. Kraftprisane i Norden og på kontinentet var i periodar høgare enn verdien fleire produsentar i sørlege Noreg sett på vatnet. Dei valde derfor å auke produksjonen frå regulerbar vasskraftproduksjon i veka som gjekk. Dette bidrog til den auka nettoeksporten i sørlege Noreg.  

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 8 2022 (PDF). 


Vassmagasinstatistikk

Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 48,4 prosent for åra 2002-2021. Gjennomom veka gjekk magasinfyllinga ned med 2,6 prosenteiningar. Nedgang i medianen for veka er 2,3 prosenteiningar.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (NO4) med 54,7 prosent, mens Aust-Noreg (NO1) hadde lågast fylling med 26,6 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

Kontaktperson

Rådgiver Ingvild Vestre Sem
Epost: ivs@nve.no