Publisert 14.02.2018

Kraftsituasjonen veke 6 2018

Høg kraftpris.

Kraftprisen i Noreg var høg i førre veke. Prisen gjekk opp med 20-30 prosent frå veka før og var i Sør- og Midt-Noreg i underkant av 40 øre/kWh. Det var òg ein tydeleg forskjell mellom dag- og nattprisar fleire dagar i førre veke. På tysdag var morgon- og ettermiddagsprisane over 60 øre/kWh i Sør- og Midt-Noreg.

Kraftprisen blir generelt høgare når kraftforbruket er høgt, og i førre veke gjorde vintereleg vêr at forbruket gjekk opp. Når vindkraftproduksjonen i Norden i tillegg gjekk ned, bidrog det ytterlegare til auken i kraftpris.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 6 2018 her. (PDF)   

Kontaktperson

Seniorrådgjevar Gudmund Bartnes,
Tlf: 997 44 267