Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 18.11.2020

Kraftsituasjonen veke 46, 2020

Uvanleg høg magasinfylling i Noreg

Fyllingsgraden i dei norske vassmagasina var 93,8 prosent ved utgangen av veke 46. Dette er 1,9 prosentpoeng høgare enn det som har vore registrert for denne veka dei siste tjue åra. Den gode ressurssituasjonen var blant årsakene til at både norsk kraftproduksjon og nettoeksport auka frå veka før. Noreg var nettoeksportør av kraft gjennom hele veka, med unntak av på søndag. Mot slutten av veka auka vindkraftproduksjonen i Sverige og på kontinentet, noko som førte til at Noreg importerte rimeleg kraft søndag morgon og kveld.

I veke 46 var den gjennomsnittlege norske kraftprisen 6,1 øre/kWh. Overføringskapasiteten frå Sør-Noreg til Sør-Sverige vart redusert i samband med vedlikehaldsarbeid, medan overføringskapasiteten frå Nord-Noreg til Nord-Sverige auka til nesten full kapasitet etter fullført arbeid.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 46 2020 (PDF)

Kontaktpersonar

Avdelingsingeniør Martin Haug
E-post: mhau@nve.no

Seksjonssjef Åsmund Sunde Valseth
E-post: aasv@nve.no