Publisert 17.11.2021 , sist oppdatert 24.11.2021

Kraftsituasjonen veke 45, 2021

Lågare temperaturar og høgare forbruk

Førre veke var det ein nedgang i temperaturar og ein auke i kraftforbruket på 6 prosent både i Noreg og i Norden samla. Produksjonen auka meir enn forbruket, og gav høgare nettoeksport både utifrå Noreg og Norden samanlikna med veke 44.

I enkelttimar hadde sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) kraftprisar på høgde med resten av kontinentet i veka som gjekk. Den høgaste prisen var 2,8 kr/kWh måndag kl 17:00, ein time med høgt forbruk i fleire land. Låg produksjon frå sol- og vindkraft i Norden og resten av Europa bidrog til at dyr produksjon måtte dekke etterspurnaden i den timen. Elles i veka var den norske prisen jamnare, mellom anna grunna høgare nordisk vindkraftproduksjon. Vekeprisen var 94,5 øre/kWh sør i Noreg og 14,4 øre/kWh nord i Noreg (NO3, NO4).

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 45 2021 (PDF)

Vassmagasinstatistikk
Ved utgangen av uke 45 var fyllingsgraden i norske magasiner på 71,4 prosent. Fyllingsgraden gikk ned med 0,8 prosentpoeng fra uken før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarende tidspunkt for årene 2001–2020 er 81,8 prosent. Nord-Norge (NO4) hadde høyest magasinfylling med 82,4 prosent. Sørvest-Norge (N2) hadde lavest magasinfylling på 63,4 prosent. Les meir om Vassmagasinstatistikk her.

Kontaktperson

Rådgivar Julie de Brisis

Epost: jmdb@nve.no