Publisert 05.10.2022

Kraftsituasjonen veke 39, 2022

Nettoimport og lågare kraftprisar i sør

Førre veke var kraftproduksjonen i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) på nivå med veka før, og den er framleis godt under historisk minimum for denne tida av året. Ein større del av kraftproduksjonen kom frå uregulerbar vasskraft og vindkraft samanlikna med veka før. Dette, saman med auka vindkraftproduksjon sør i Norden og på kontinentet, bidrog til at vekeprisen i desse områda gjekk ned. Vekeprisen i sørlege Noreg var 254 øre/kWh, ein reduksjon på 95 øre/kWh samanlikna med veka før.

Sørlege Noreg var nettoimportør av kraft førre veke, for femte veke på rad. Samanlikna med veka før auka importen frå Danmark og Sverige, medan importen frå Storbritannia gjekk ned.

I Midt- og Nord-Noreg (NO3, NO4) auka kraftprisane. Midt-Noreg hadde i enkelte timar kraftpris på over 200 øre/kWh. Det skjedde i timar med forbrukstoppar tidleg på morgonen og på ettermiddagen kombinert med låg vindkraftproduksjon. Vekeprisen i Midt-Noreg var 64 øre/kWh. I Nord-Noreg var vekeprisen 33 øre/kWh.

Førre veke vart den dominerande retninga på kabelen til Danmark snudd. Det betyr at det no er full importkapasitet frå Danmark til Noreg og redusert eksportkapasitet frå Noreg til Danmark.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 39 2022 (PDF).

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg
Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.

Last ned rapporteringen fra produsentene for veke 39 2022 (PDF).

Vassmagasinstatistikk 
Ved utgangen av veke 39 var fyllingsgraden i norske magasin 69,4 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 82,6 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga opp med 1,5 prosenteiningar. Nord-Noreg (NO4) hadde høgast magasinfylling med 87,2 prosent, medan Sørvest-Noreg (NO2) hadde lågast fylling med 53,1 prosent.

Les meir om vassmagasinstatistikk her.

Kontaktperson

Hege Bruvik Kvandal
Epost: hekv@nve.no