Høg nettoeksport frå Noreg.

Det var små endringar i den nordiske kraftmarknaden frå veke 23 til veke 24. Medan det nordiske kraftforbruket var uendra samanlikna med veka før, bidrog lågare produksjon i Sverige til ein tilsvarande auke i norsk produksjon og nettoeksport.

Gunstige temperatur- og nedbørsforhold har bidrege til jamn snøsmelting og kontrollert vasskraftproduksjon så langt i år. Den norske magasinfyllinga gjekk opp med 6,3 prosenteiningar sist veke. Med unntak av Nord-Noreg, der magasinfyllinga framleis ligg 10,1 prosenteiningar under median, låg alle dei norske elspotområda over normal ved utgangen av veke 24.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 24 her. (PDF)