Publisert 25.05.2022

Kraftsituasjonen veke 20, 2022

Redusert vindkraftproduksjon og auka kraftprisar

Kraftprisane auka i heile Norden i veka som gjekk. Lågare vindkraftproduksjon enn veka før bidrog til prisauken. Vekeprisen for sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var 176 øre/kWh, ei auke på om lag 10 øre/kWh frå veka før. Laurdag auka vindkraftproduksjonen i Tyskland. Dette bidrog til at Tyskland fekk nullprisar ei periode på dagtid. Det kraftige prisfallet påverka også prisane i sørlege Noreg, men flaskehalsar i nettet gjorde at prisen i sørlege Noreg ikkje vart like låg som i Tyskland.

Nord- og Midt-Noreg (NO4 og NO3) hadde framleis dei lågaste kraftprisane i Norden, på høvesvis 12,4  og 14,6 øre/kWh. Fredag morgon fekk likevel Midt-Noreg ei kortvarig prisauke, og flaskehalsar i nettet leia til prisskilnad mellom Midt- og Nord-Noreg. Låg vindkraftproduksjon kombinert med høgt forbruk bidrog til prisauken.

Periodar med lite vind og høge kraftprisar på kontinentet bidrog til meir eksport frå Noreg enn veka før. Noreg gjekk frå ein nettoimport på 69 GWh i veke 19 til ein nettoeksport på 238 GWh i veke 20.

Vedvarande uro i energimarknadane bidreg til store variasjonar og høg uvisse rundt både kraftprisane og brenselsprisane for tida. Russland sin invasjon av Ukraina og uvisse rundt konsekvensar av dette kan gje store utslag på prisane i energimarknadane framover.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 20 2022 (PDF).

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 20 var fyllingsgrada i norske magasin 25,2 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 39,5 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 1,9 prosenteiningar.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (NO4) med 37,0 prosent, mens Vest-Noreg (NO5) hadde lågast fylling med 13,3 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her

Kontaktperson

Overingeniør Ingvild Vestre Sem
Epost: ivs@nve.no