Publisert 27.04.2022

Kraftsituasjonen veke 16, 2022

Lågare forbruk og nettoimport

Kraftforbruket gjekk ned i heile landet førre veke. Nedgangen heng saman med dei høge temperaturane. Lågt forbruk kombinert med høg fornybar kraftproduksjon på kontinentet bidrog til at Noreg var nettoimportør av kraft. Førebelse tal viser at norsk kraftproduksjon gjekk ned med 20 prosent frå veka før.

Kraftprisen gjekk ned i alle dei norske prisområda i veka som gjekk. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) vart den gjennomsnittlege vekeprisen 161 øre/kWh. Høg import til sørlege Noreg bidrog til lågare kraftpris i siste halvdel av veka. I Midt- og Nord-Noreg var kraftprisen høvesvis 52 øre/kWh og 13 øre/kWh. Flaskehals ut av Nord-Noreg bidreg til at prisen der er lågare enn i Midt-Noreg.

Vedvarande uro i energimarknadane bidreg til store variasjonar og høg uvisse rundt både kraftprisane og brenselsprisane for tida. Russland sin invasjon av Ukraina og uvisse rundt konsekvensar av dette kan gje store utslag på prisane i energimarknadane framover.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 16 2022 (PDF)

Vassmagasinstatistikk
Ved utgangen av veke 16 var fyllingsgrada i norske magasin på 22,0 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt 31,7 prosent for åra 2002-2021. Fyllingsgrada gjekk ned med 0,4 prosenteiningar frå veka før. Fyllingsgrada ligg no 9,7 prosenteiningar lågare enn medianverdien. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 39,8 prosent, medan Aust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 10,0 prosent.

Les meir om vassmagasinstatistikk her

 

Kontaktperson