Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 12.04.2022 , sist oppdatert 13.04.2022

Kraftsituasjonen veke 14, 2022

Nettoimport av kraft og lågare kraftprisar i sørlege Noreg

Vedvarande uro i energimarknadane bidreg til store variasjonar og høg uvisse rundt både kraftprisane og brenselsprisane for tida. Russland sin invasjon av Ukraina og uvisse rundt konsekvensar av dette kan ha store utslag på prisane i energimarknadane framover.

Noreg var nettoimportør av kraft førre veke. Ikkje sidan desember 2019 har Noreg importert så mykje kraft over ei veke som i veke 14.  Det var spesielt i sørlege Noreg at kraftimporten var høg.  Import av rimelegare kraft frå nabolanda bidrog til at kraftprisen i sørlege Noreg vart redusert.

Førebelse tal visar at 35 prosent av vekeforbruket i sørlege Noreg vart dekt av import førre veke. Det betyr at det framleis var ein stor del av forbruket som hovudsakeleg vart dekt av vasskraftproduksjon. Fleire av vasskraftprodusentane verdsette vatnet høgare enn det kraftprisane i nabolanda var. Dei valde derfor å spare vatnet, for å heller ha moglegheita til å produsera ved eit seinare tidspunkt. At fleire vasskraftprodusentar verdsette vatnet høgare bidrog til at sørlege Noreg ikkje fekk like låge kraftprisar som nabolanda.

Høg vindkraftproduksjon bidrog til lågare kraftprisar i nesten heile Norden førre veke. I Midt-Noreg (NO3) var vekeprisen 35 øre/kWh, ein nedgang på 16 prosent frå veka før. Periodar med lite vind nord i Noreg og Sverige gav likevel tidvis høge kraftprisar. Vekeprisen i Nord-Noreg (NO4) auka med 19 prosent førre veke som følgje av høge prisar i starten av veka. I desse timane var det ikkje flaskehals mellom Nord-Noreg og Nord-Sverige (SE1), og Nord-Noreg fekk lik pris som nord i Sverige. I dei sørlege prisområda i Noreg (NO1, NO2 og NO5) var vekeprisen 164 øre/kWh, ein nedgang på 13 prosent samanlikna med veka før.

I veke 13 vart ein ny metode for utrekning av utvekslingskapasitet mellom Søraust-Noreg (NO1) og Sør-Sverige (SE3) teken i bruk. I periodar med høg kraftflyt frå Danmark til Sør-Sverige, kan ein høgare importkapasitet bli frigitt på forbindinga frå Sør-Sverige til Søraust-Noreg. Førre veke gav denne metoden økt importkapasitet på forbindinga nesten heile veka, noko som bidrog til at Noreg importerte dobbelt så mykje straum frå Sør-Sverige samanlikna med veka før.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 14 2022 (PDF).

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 14 var fyllingsgrada i norske magasin på 24,9 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt 34,6 prosent for åra 2002-2021. Fyllingsgrada gjekk ned med 1,8 prosenteiningar frå veka før. Fyllingsgrada ligg no 9,7 prosenteiningar lågare enn medianverdien. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 44,0 prosent, medan Aust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 9,7 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

 

Kontaktperson

Hege Bruvik Kvandal
Epost: hekv@nve.no