Publisert 30.03.2022

Kraftsituasjonen veke 12, 2022

Tilnærma uendra vekeprisar i Noreg, men auke i nordisk terminprisar framover

Vedvarande uro i energimarknadene bidreg til store variasjonar og høg uvisse rundt både kraftprisane og brenselsprisane for tida. Russland sin invasjon av Ukraina og uvisse rundt konsekvensar av dette kan ha store utslag på prisane i energimarknadene framover.

Kraftprisane i Noreg var tilnærma uendra samanlikna med veka før. Kraftprisen i sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) var 182,1 øre/kWh og i Midt- og Nord-Norge (NO3, NO4) høvesvis 15,0 og 13,5 øre/kWh. Forventingar om kaldare og tørrare vêr auka  terminprisane for dei nordiske prisområda i veka som gjekk. Kaldare vêr kan gi høgare forbruk og mindre tilsig framover. Dette er faktorar som aukar verdien av vasskraftproduksjon.

 Det var særs lite vindkraftproduksjon i Tyskland og Storbritannia i førre veke. Det ga ikkje store utslag kraftprisane i desse landa. Det heng saman med at kraftprisen i fleire veker har låge tett opp til marginalkostnaden for gasskraftproduksjon. I tillegg bidreg meir solkraftproduksjon og lågare forbruk til å dempe presset på kraftprisane.

 Utvekslingskapasiteten på fleire av mellomlandsforbindelsane frå sørlege Noreg var redusert førre veke. Kapasiteten på NSL vart halvert etter ein feil på britisk side på tysdag. Det er forventa at kabelen er tilbake ved full kapasitet 31. mars 2022. NordLink var også redusert frå tysdag til torsdag grunna planlagt vedlikehald. NorNed driftast allereie på redusert kapasitet, og er forventa tilbake 23. april.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 12 2022 (PDF). 

Vassmagasinstatistikk
Ved utgangen av veke 12 var fyllingsgrada i norske magasin 29,2 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 38,6 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 2,0 prosenteiningar. Nedgang i medianen for veka er 2,7 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 48,1 prosent, mens Aust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 13,4 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

 

Kontaktperson

Overingeniør Lars Eirik Eilifsen
Epost: laee@nve.no