Publisert 15.03.2023

Kraftsituasjonen veke 10, 2023

Kaldt vêr og høgare prisar i heile Noreg

Etter fleire ukar med mildare vêr enn normalt, vart veke 10 uvanleg kald for sesongen. Det var lite vind gjennom veka og vindkraftproduksjonen var på årets lågaste nivå i Norge og Sverige. På grunn av låg produksjon av vindkraft i Noreg, vart det til tider import til sørlege Noreg på grunn av varmare vêr og meire vindkraftproduksjon på kontinentet.

Sørlege Noreg hadde framleis forbruk innanfor historiske utfallsrom, sjølv med kaldare vêr . Midt- og  Nord-Noreg hadde høgt forbruk og låg vindkraftproduksjon og prisen auka med høvesvis 159 og 218 prosent samanlikna med førre veke.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 10 2023 her.

Last ned rapporteringen fra produsentane for veke 10 2023 her.

Kontakt

Rådgiver Mathias Nipen