Publisert 22.08.2023 , sist oppdatert 02.11.2023

Åknes dreneringsprosjekt

Åknes er det ustabile fjellpartiet i Noreg med høgst kjent risiko. Det ustabile fjellpartiet har eit volum på opptil 54millionar kubikkmeter og kan føre til ein tsunami som vil råke inntil 10 kommunar i Storfjord regionen.

Den årlege rørsla i fjellpartiet er 6-8cm/år for den vestlege delen og 2-3cm /år for eit større område. Overvaking og detaljert undersøking av det ustabile fjellpartiet har pågått sidan 2004.

I perioden 2017 til 2021 er det utført eit større kunnskapsprosjekt i regi av NVE, som konkluderte med at drenering av det ustabile fjellpartiet kan redusere risikoen for skred. På bakgrunn av dette har NVE fått i oppdrag å lage en plan for drenering av det ustabile fjellpartiet Åknes, også kalt Åknes Dreneringsprosjekt.