Kartlegging av skredfare i bratt terreng føregår på to nivå. Aktsemdkart er gjerne automatisk generert ved hjelp av GIS basert på ein terrengmodell og erfaringsbaserte utløpsberekningar. Aktsemdkarta blir gjerne brukte i overordna arealplanlegging for å hindre utbygging i skredfarlege område, og utan ytterlegare utgreiing. Faresonekart har eit høgare detaljeringsnivå og gir faresoner etter gjentaksintervalla gitt av Byggteknisk forskrift, og er til bruk i reguleringsplanar og byggesak.

Med skred i bratt terreng er det meint skredtypar som snøskred, sørpeskred, flaumskred, jordskred, steinsprang og steinskred. Dei ulike skredtypane krev litt ulike grunnlagsdata og berekningsmetodikk for å produsere faresoner. Ofte nyttar ein detaljerte terrengmodellar, i kombinasjon med informasjon om lokal geologi og geomorfologi, samt informasjon om tidlegare skredhendingar i området.

Faresonekartlegging i NVE si oversikt inneheld både prosjekt som er gjennomført av NVE og prosjekt som er gjennomført av andre aktørar. Skredtypar som kvikkleireskred og fjellskred er i NVE kartlagt i eigne kartleggingsprogram.