Kraftsituasjonen veke 9, 2020 - NVE

Lågaste februarpris på 20 år

Førre veke auka  kraftprisane i Norden og nord på kontinentet. Trass prisstigninga fekk Noreg den lågaste februarprisen på 20 år. Gjennomsnittleg kraftpris i Noreg var 13,13 øre/kWh i februar.

Det har vore redusert overføringskapasitet ut frå Sør-Noreg i februar. 29. februar var kabelen til Nederland tilbake med full kapasitet etter nokre månader med redusert moglegheit for kraftutveksling. Men det er framleis redusert kapasitet mellom Sør-Noreg, og Sverige og Danmark. Saman med reparasjon av forbindinga Ørskog-Sogndal bidrog dette til betydelege prisforskjellar mellom dei ulike prisområda i Noreg førre veke.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 9 her.