Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 24.02.2021

Kraftsituasjonen veke 7, 2021

Mildare vêr og lågare kraftprisar

Etter ein lengre periode med låge temperaturar i store delar av landet, auka temperaturen førre veke. Dette bidrog til ein reduksjon i norsk forbruk på heile 406 GWh samanlikna med veke 6. Gjennomsnittleg vekepris for Noreg gjekk ned og enda på 44,8 øre/kWh. Størst nedgang hadde Aust- og Vest-Noreg med ein reduksjon på 30 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg hadde ein reduksjon på 17 prosent samanlikna med veka før. Framleis låge temperaturar i nord bidrog til at forbruket her held seg stabilt og til at kraftprisane ikkje vart redusert i like stor grad som i dei sørlege prisområda.

Frå og med 18. februar blir det tatt omsyn til tap ved kraftflyt på Skagerrak-kablane mellom Noreg og Danmark. Tapssatsen er satt til 2,9 prosent. Dette inneber at det ikkje vil flyte kraft mellom Sør-Noreg og Danmark før prisskilnaden mellom områda er høg nok til å dekke kostnadane for tapet.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 7 2021 (PDF).

Kontaktperson

Overingeniør Lars Eirik Eilifsen
E-post: laee@nve.no