Publisert 06.01.2021 , sist oppdatert 21.01.2021

Kraftsituasjonen veke 53, 2020

Høg kraftproduksjon og høgare kraftprisar i Noreg

Det vart produsert mykje kraft i Noreg i 2020 og den siste veka i året var ikkje noko unnatak. I veke 53 var produksjonen på 3,8 TWh, noko som svarte til ein auke på 15 prosent frå veka før. Grunna lågare temperaturar auka også forbruket, men ikkje i like stor grad. Dette førte til mykje eksport av kraft ut frå Noreg, noko som også har vore typisk for 2020. Noreg har vore nettoeksportør av kraft i 49 av 53 veker dette året.

Den gjennomsnittlege kraftprisen i Noreg var på 23,2 øre/kWh førre veke. Dette var ein auke på om lag 50 prosent frå veka før. Prisen på utsleppskvotane på CO2 kom opp mot 350 kr/tonn i årets siste veke, noko som er den høgaste prisen sidan marknaden vart etablert.

Ved overgangen til det nye året vart Ringhals 1 lagt ned etter 45 års drift. Installert svensk kjernekraftkapasitet vart dermed redusert med 881 MW.

Merknad: Sidan 2019 berre hadde 52 veker, er nokon samanlikningar i tabellar opp mot veke 1 i 2020.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 53 2020 her

Merknad 07.01.: Rapporten er oppdatert med nye tal for kraftpris for veka og totalproduksjon over året. 

Kontaktperson

Senioringeniør Ingrid Bjørshol Holm

ibho@nve.no