Publisert 16.12.2020

Kraftsituasjonen veke 50, 2020

Ny utvekslingsforbindelse til Tyskland og rekordhøg nettoeksport

Førre veke vart den nye forbindelsen mellom Noreg og Tyskland (NordLink) satt i drift. Dette førte til ei betydeleg auke i utvekslingskapasiteten mellom Noreg og utlandet. Samstundes auka også kapasiteten mot Sør-Sverige og Nederland, grunna ferdigstilling av vedlikehaldsarbeid. Saman med særs høg kraftproduksjon medverka dette til den høgaste nettoeksporten ut frå Noreg over ei veke nokosinne.

Den norske kraftprisen gjekk ytterlegare opp i veke 50 og gjennomsnittsprisen låg på 21,5 øre/kWh. Sjølv med rekordhøg nettoeksport har Noreg framleis den lågaste prisen i Norden.

Onsdag og torsdag opplevde dei sørlege prisområda i Noreg fleire timar med prisar som var meir enn tre gonger over snittet for veka. Dette skjedde samstundes med auken i utvekslingskapasitet og lite vind nord på kontinentet. Timeprisane i dei sørlege prisområda har ikkje vore så høge sidan januar 2019.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 50 her.

Merknad: Kraftsituasjonsrapporten for veke 51, 52 og 53 blir publisert onsdag 6. januar 2021.

Kontaktperson

Overingeniør Lars Eirik Eilifsen
E-post: laee@nve.no