Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 09.12.2020

Kraftsituasjonen veke 49, 2020

Høg norsk kraftproduksjon og auke i kraftprisar

Dei norske kraftprisane gjekk opp i veke 49. Den gjennomsnittlege kraftprisen var 15,6 øre/kWh. Dette er ein auke på 8,7 øre/kWh frå veka før. Oppgangen hadde blant anna si årsak i auka forbruk, høgare prisar i utlandet og tørrare vêrvarsel.

Den samla kraftproduksjonen i Noreg auka ytterlegare i veke 49. Det vart produsert heile 3,77 TWh. Samanlikna med tidlegare år er dette særs mykje, gitt dei milde temperaturane for veka.

Forbindelsen mellom Aust-Noreg og Sør-Sverige (NO1-SE3) fekk full overføringskapasitet mot slutten av veka. Det har vore mykje avgrensa overføringskapasitet på denne forbindelsen i år. No er det derimot ikkje planlagt vedlikehald og tilhøyrande avgrensingar før i april 2021.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 49 her.

Kontaktperson

Overingeniør Lars Eirik Eilifsen
Epost: laee@nve.no